Workshop: Hvileåret
sun12jun14:00Workshop: HvileåretMed Amber Ablett
Om arrangementet
Sundag 12. juni kl 14 kan du bli med på workshop på Storeteigen: Workshopen har fått tittelen Hvileåret – hvile, vekst og aktivisme. Dette er ein verkstad for dei
Om arrangementet
Sundag 12. juni kl 14 kan du bli med på workshop på Storeteigen:
Workshopen har fått tittelen Hvileåret – hvile, vekst og aktivisme.
Dette er ein verkstad for dei som treng kvile. For dei som det blir stilt spørsmål ved deira eksistens – dei som blir debattert, avfeia eller ignorert.
Denne verkstaden er for dei som er annleis, for dei som ikkje blir aksepterte for den dei er, for dei som ikkje kjenner seg trygge i samfunnet.
Denne verkstaden er for alle som ser seg sjølv i desse orda og spesielt, men ikkje avgrensa til, melaninrike personar, innvandrarar, kvinner, skeive, einslege foreldre, omsorgspersonar, ikkje-binære, transar, dei med fysiske, mentale eller emosjonelle evner og dei som støttar desse.
For dei som ikkje finn kvile i dette samfunnet.
Workshopen er en del av prosjektet Hvileåret – hvile, vekst og aktivisme. Dette er eit 18-månadars prosjekt halde på Storeteigen av kunstnaren Amber Ablett. Prosjektet vil utforska kva me kan læra om kvila si rolle som verktøy for vekst ved å sjå til tradisjonelle jordbruksteknikkar. Prosjektet samlar aktivistar, allierte og den breiare offentlegheita for å tenka saman om kvile som ein aktiv tilstand.
I workshopen vil deltakarane bli inviterte til å ta med seg biomasse til kompost og økta vil starte med ein diskusjon rundt kvile, vekst og aktivisme.
Me vil tenka på når me treng kvile; laga ei liste til å gje nære og kjære slik at dei veit når me treng støtte.
Storeteigen held ope frå kl 13 og me serverer suppe, kaffi og kake.
Kvileåret er kuratert av Kunsthuset Kabuso og støtta av Norsk kulturråd
Velkomen innom!
Tid
(Sundag) 14:00(GMT+00:00)