Wako
Om arrangementet
Martin Myhre Olsen – saksofon Kjetil Mulelid – piano Bárður Reinert Poulsen – kontrabass Simon Olderskog Albertsen – trommer Lovorda haglar over Wako og under konserten i
Om arrangementet
Martin Myhre Olsen – saksofon
Kjetil Mulelid – piano
Bárður Reinert Poulsen – kontrabass
Simon Olderskog Albertsen – trommer
Lovorda haglar over Wako og under konserten i Kabuso sundag 23. april kan du sjekka ut den lovpriste jazzkvartetten.
Med fem album og eit hundretals liveopptredenar i ryggen, spelar Wako med ein autoritet og personlegdom som plasserar dei i fortroppen av nordisk jazz.
Wako er ein av dei mest dynamiske og innovative gruppene på dagens jazzscene, og har bygd ei solid fanskare og hausta heider frå kritikarar nært og fjernt.
I følge ein kritikar i All about jazz (US) er Wako «eit norsk jazzkollektiv med ein verkeleg kollektivt sound».
Wako har teke sin stadig utvikla musikalitet og kreativitet med rundt Europa, og gjengjeve musikken sin live både saman med strykarane i Oslo Strings og saman med blant anna trompetvirtuos Arve Henriksen.
Musikkens omfang er alltid nøye justert til publikum, miljø og musikalsk materiale. Det betyr at konsertane ikkje berre er superlative, men og unike opplevingar.
Kort fortalt er Wako ei av dei mest imponerande unge livegruppene i dag og vel verd ein live lytt
Tid
(Sundag) 18:00(GMT+00:00)