– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Voss 1940 - 1945. Ved Lars Sverre Almeland

mån07mar19:00mån21:00Voss 1940 - 1945. Ved Lars Sverre Almeland

Almeland bok

Om arrangementet

I tida som kjem vert det føredrag på Voss folkemuseum om ulike emne henta frå basisutstillinga som opna i 2021. Fyrste føredragshaldar er Lars Sverre Almenland. Før jol gav han ut boka » Voss 1940 – 1945, Knutepunkt i ufredstid». Boka handlar på mange vis om enkeltmennesket sin balansegang gjennom dei vanskelege krigsåra. Det var lett å trø feil, ein kunne fort vere på feil stad til feil tid. Dei personlege vala som vart gjort, kunne gje dramatiske konsekvensar i fleire retningar. Det meste av boka tek utgangspunkt i hendingar med tilknytning til Vossebygdene, men med viktige trådar vidare i landet.

Forfattaren Lars Sverre Almeland er utdanna odontolog frå UIO. Han har over ein 30-årsperiode vore engasjert i kjeldegransking kring emnet.

Me gler oss til å høyre han på museet måndag 7. mars kl 19.00. Billettpris kr 150 (medlem kr 100).

Arrangementer vert gjennomført i samarbeid med Voss Sogelag.

Tid

(Måndag) 19:00 - 21:00(GMT+00:00)