– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

KURS: Åremaking

fre07mai(mai 7)09:30sun09(mai 9)14:00KURS: Åremaking

Om arrangementet

Lag dine eigne vestlandsårer! Me held dette populære kurset for tredje året på rad, kor alle får laga seg eit par årer, og lært både teori og historie på vegen. På kurset lærer du å lage dine eigne årer i furu under rettleiing av båtbyggjarar. Du blir kjent med åra sine namn, grunnmål og eigenskapar. Vidare korleis me vel ut material, merkar opp og tilverkar årene med tradisjonelle verktøy. Siste dag på kurset ror me ein tur me dei nylaga årene på Hardangerfjorden!

INSTRUKTØRAR: Peter Helland-Hansen, Arne Eriksen

PRIS: 6700,- Inkl. alle måltider

MÅLGRUPPE: Nybyrjar, men fordel med noko erfaring med trearbeid

TA MED: Meir info kjem

STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund

SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 16. april 2021

>>> Sjå samla kursprogram for Hardanger og Voss museum pr januar 2021

Tid

7 (Fredag) 09:30 - 9 (Sundag) 14:00(GMT+00:00)

Sjå dette arrangementet på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE