– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ketil Bjørnstad

sun06nov18:00Ketil BjørnstadSYTTI ÅR - SOLO PIANO

Om arrangementet

SYTTI ÅR – SOLO PIANO
(og sju nyskrivne dikt)
Jubileumskonsert

I 2022 blir Ketil Bjørnstad 70 år, og i den samanheng vert det jubileumskonsert i Kabuso 6. november, der me får møte Bjørnstad åleine ved flygelet.

Sjølv seier Bjørnstad: «Solo-konsertane har vore grunnlaget for mi musikalske karriere. Dei markerer byrjinga og slutten. Åleine med flygelet oppstår ei særeigen og nær kontakt med publikum som påverkar dei musikalske vala undervegs. Også instrumentet og akustikken i lokalet er med på å gjere kvar einaste konsert til noko heilt spesielt. Kvar enkelt konsert vil bli annleis enn den forrige.»

Turneen opnar på Rockefeller 4. mai 2022, og 6.november kjem turen til Øystese og Kabuso.

Grappa Musikkforlag gir ut CD/DVD-en New Morning (Live from Sentralen, Oslo, April 2020), eit live-opptak der Bjørnstad sjølv kjenner at han får synt heilt nye sider av seg sjølv som pianist. Det musikalske innhaldet i konsertane er repertoar fra heile Bjørnstads musikalske karriere, men og nye komposisjonar og improvisasjonar. På same måten kan dei nyskrivne dikta by på både gamle og helt uventa motiver, fra debuten med Alene Ut i 1972 fram til i dag.

Sidan Bjørnstad også feirar 50-årsjubileum som forfattar, gir Aschehoug forlag ut Sommernatt ved fjorden – Kjærlighetsdikt gjennom 50 år samstundes, med utvalde bilde av Gro Mukta Holter.

Velkomen til ein verdig og innhaldsrik jubelkveld med jubilanten Ketil Bjørnstad i førarsetet!

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> KJØP