Kurs i hardangersaum
fre18sep(sep 18)09:30sun20(sep 20)14:00Kurs i hardangersaum
Om arrangementet
Lær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger. Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa
Om arrangementet
Lær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger. Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. Hardanger Folkemuseum arrangerer kurs i hardangersaum. Lat våre kurslærarar ta deg med til hardangersaumens arnestad, og syna deg saumens løyndomar. Sjå vår unike hardangersaumutstilling og ver med på besøk i tekstilmagasinet.
Tre dagars kurs med omvisningar, foredrag, magasinbesøk, overnatting, frokost, lunsj og middag.
Prisar
Kurs med overnatting i dobbeltrom og fullpensjon: 7.250,-
Enkeltromstillegg: 1.350,-
(Inkluderar kursavgift, overnatting tre netter og alle måltid fredag til sundag. Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.)
Alternativ utan overnatting
Kurs dagtid og lunsj tre dagar: 3.200,-
Kontakt
Hardanger folkemuseum, Museumsvegen 36, 5778 Utne
E-post: post@hvm.museum.no
Tlf: +47479884
Påmelding innan 28. august 2020 til post@hvm.museum.no
Program for kurset:
Torsdag
Frå kl 15 Innsjekking på Utne hotel.
Fredag
Kl 07:00 – 09:00 Frukost på Utne hotel
Kl 09:30 Oppmøte på Hardanger folkemuseum
Kl 09:30 – 12:00 Omvisning og foredrag i bunad og hardangersaumutstillinga
Kl 12:00 – 13:00 Lunsj i kafeen
Kl 13:00 – 17:00 Hardangersaumkurs
Kl 18:00 Trerettars middag på Utne Hotel.
Laurdag
Kl 07:00 – 08:30 Frukost på Utne Hotel
Kl 09:00 – 12:00 Hardangersaumkurs
Kl 12:00 – 13:00 Lunsj i kafeen
Kl 13:00 – 13.30 Besøk i tekstilmagasinet
Kl 13:30 – 17:00 Hardangersaumkurs
Kl 18:00 Trerettars middag på Utne Hotel
Sundag
Kl 07:00 – 08:30 Frukost på Utne Hotel
Kl 09:00 – 12:00 Hardangersaumkurs
Kl 12:00 – 13:00 Lunsj i kafeen
Kl 13:00 – 14.00 Hardangersaumkurs
Kl 14:00 Avreise
Tid
18 (Fredag) 09:30 - 20 (Sundag) 14:00(GMT+00:00)