– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Føredrag: Halvor Folgerø om Vestlandsvegar

tors08des19:00Føredrag: Halvor Folgerø om Vestlandsvegar

Om arrangementet

Halvor Folgerø fortel om livet på farlege vegar – i Kabuso 8. desember kl 19.
Folgerø gjev i haust ut boka Vestlandsvegar: Frå Trollstigen til Djevelens veranda

Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I den nye boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på.

Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvingar, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Nokre historier er nesten ikkje til å tru, som forteljinga om dei tre unggutane som var på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader.
Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trosse den steile naturen.

Halvor Folgerø (f. 1967) er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har tidlegare gitt ut to bøker saman med Finn Tokvam:
Romanen Tyl og Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland.
Folgerø er kjend som programleiar for programposten Førkveld i NRK. Han har tidlegare vore programleiar for Mediemenerne og arbeidd med humor i Radio Røynda.
Folgerø er musikar og spelar bass i gruppa Aftenlandet og fagott i populærorkesteret Finn-Erix.

Foto: Tove Breistein

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> KJøp