– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Fjellskred og flodbylgjer – frå Tafjordulykka i 1934 til klimaendringar i dag

tors21apr19:00tors20:00Fjellskred og flodbylgjer – frå Tafjordulykka i 1934 til klimaendringar i dag

Om arrangementet

Har du høyrt om Tafjord-ulykka i 1934? Denne ulykka er stadig vekk ein av dei største skredulykkene i Noreg. Eit større fjellparti raste ut i fjorden og skapte fleire flodbylgjer, les tsunamiar, som tok livet av 40 menneskjer.

I Vikinghallen på Hardanger fartøyvernsenter ligg i dag fartøyet «MB Tafjord» (1927) og blir restaurert etter antikvariske retningslinjer. Fartøyet vart tidlegare nytta som isbrytar, kyrkjebåt og skyss, og låg ute på fjorden då den forferdelege ulykka råka natt til 7. april 1934. MB Tafjord vart kasta 60 meter opp på land.

I dag er fartøyet eit historisk vitnesbyrd om den skjebnesvangre ulykka, og det er utgangspunktet for denne foredragskvelden.

21. april kl. 19.00 kjem Carl Bonnevie Harbitz til Hardanger fartøyvernsenter. Carl er avdelingsleier for «Klimatilpasning og hydrodynamikk» ved Noregs Geotekniske Institutt. Han har skrive om Tafjord-ulykka som ein del av sin ph.d., og vil denne kvelden fortelje oss meir om fjellskred og flodbylgjer. Me skal få eit historisk innsyn i Tafjord-ulykka og trekke trådar fram til i dag for å sjå på korleis klimaendringar i dag har betyding på dette området.

Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

Inngang kr 100,- (i døra)

Open kafé og museumsbutikk

Velkomen til oss!

Sjå dette arrangementet på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE