– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Espen Eriksen Trio

fre08apr20:00Espen Eriksen TrioMELANKOLSK OG OPPLØFTANDE

Om arrangementet

KABUSO er takka vere gode lokale krefter innehavar av eitt av dei flottaste Steinway-flygela i landet. Saman med ein konsertsal med nydeleg akustikk legg dette tilhøva til rette for konsertopplevingar av dei sjeldne.

Leiv Ove Andsnes sa dette etter sin konsert i Kabuso i 2016: «Det var veldig moro. Eg fekk ein kjensle av noko internasjonalt, til dømes det eg opplever i land som Japan. Eg likte denne salen veldig, veldig godt.»

Tenk det. Her. I Øystese.

 

ESPEN ERIKSEN TRIO

Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste.

Bandet er kjend for melodisk minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fem strålande album på plateselskapet Rune Grammofon og konserter verda rundt. For å sitere BBC si melding av trioen si andre plate:  ”A wonderfully plaintive jazz record, abandoned to the lost art of melodic minimalism, stripped back and beautifully near bare. No smoke and mirrors, just the graceful chemistry of superb musicians at the top of their game”. Dei siste åra har Espen Eriksen Trio også samarbeidd mykje med den britiske jazzstjerna Andy Sheppard, som også er med på 2018-utgivelsen ”Perfectly Unhappy”. Dei fylgjande turneane var store suksessar med fulle hus Europa rundt og konsertsendingar blant anna på BBC Radio. I haust spissa trioen forma på prestisjeklubbar som Ronnie Scott’s (London), Montmartre (København) og Fasching (Stockholm) og er veldig klare for å spille i KABUSO!

Me ynskjer velkomen til ein konsert med fengslande og lyriske songar – ofte melankolske og oppløftande på same tid. Eller som Dagsavisen skreiv om 2020-utgivelsen «End Of Summer»: – Den mest melodiske jazzen vi kommer til å få høre i år.

Espen Eriksen : piano/komposisjon
Lars Tormod Jenset : kontrabass
Andreas Bye : trommer

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> KJØP