– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Double Vision

lau12feb(feb 12)00:00lau16apr(apr 16)00:00Double VisionFoajéutstilling

Om arrangementet

Frå 12. februar kan du oppleva den internasjonale utstillinga Double Vision presentert av International Print Exchange Program (IPEP).
IPEP India er eit nonprofit initiativ, kor kunstnarar over heile verda som arbeider med grafikk deler arbeidet sitt med kvarandre. IPEP styrkar nettverket blant grafikarar og skapar medvit om originalgrafikk som ein kunstform blant sjåarane.

Om utstillinga:
I medisinske termar er dobbeltsyn, eller diplopi, ein tilstand kor ein person ser to bilete av eit enkelt objekt.
Resultatet er, uansett årsak, å sjå eit uskarpt eller dobbelt bilete – originalen og spøkelset til originalen. Ei kviskring eller eit skuggefullt spøkelse av den opprinnelege forma som forvrenger oppfatninga til betraktaren, og forvekslar det som eigentleg er der med det som ikkje er der. 

I film og litteratur fungerer dobbeltsyn i staden som ein vanleg narrativ teknikk som lar publikum utforske fleire synspunkt frå ein enkel ståstad. Bruken av det dobbelte har gjort det mogeleg å bevege seg fritt mellom røynda i den vanlege verda og fantasmen til den førestilte.

Trykking som prosess er heller ikkje framand for den intensjonelle dualismen. Overføringa av eit biletet frå plate til papir; påføring av eit enkelt bilete gjennom fleire lag; og den tilsikta feilregistreringa av det trykte biletet for å skape eksperimentelle utfall, er alle triks som er ibuande i dei kreative trykka og som nyttast til å skape både visuell og narrativ djupn.

For 2020-utgåva av IPEP, International Print Exchange Program, India, vert Double Vision presentert som både ein konseptuell og teknisk provokasjon som inviterer til leikne svar i jakta på eins indre dyade*.- Sitara Chowfla, kurator IPEP India 2020.
* Dyade betyr to einingar (for eksempel to personar) sett under eitt, som ein heilskap.

Judith Elisabeth de Haan er biletkunstnar som i hovudsak jobbar med grafikk, bur i Kvam og jobbar i kunstnarhuset Messen i Ålvik. Ho deltek med eit trykk i «Double Vision».

>>> Publikumstekst

Tid

Februar 12 (Laurdag) 00:00 - April 16 (Laurdag) 00:00(GMT+00:00)