– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bukkene Bruse - Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal

sun25sep15:30Bukkene Bruse - Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar OfsdalKonsert

Om arrangementet

Legendarisk folkemusikktrio endeleg tilbake på scena! Konsert på Hardanger folkemuseum, sundag 25. september kl 15.30

Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal kom saman for fyrste gong i 1989 for å spela under åpninga av BI i Sandvika kvar for seg. Sidan dei var samla, prøvde dei seg på litt samspel, det gjekk over all forventning, og den vidare historia er eit eventyr av ei karriere. Steinar Ofsdal var allereie godt etablert artist med ei rekkje utgjevingar bak seg når historien starta, men dei to ungdomane var heller ikkje uskrivne blad. Arve hadde vunne Spellemann i 1987 for plata Arvesølv og fekk oppslag på Dagsrevyen då han kom i stemmeskiftet. Annbjørg var frå tidleg alder særs dyktig og drivande på hardingfele med kappleikssigrar i fleng og med den ferske soloplata Kjellstadslåttar i kofferten.

Bukkene Bruse har gjeve ut fem album og motteke Prøysen-prisen. Den strålande musikken førte til at trioen turnerte i inn- og utland, og tok dei med seg verda rundt i alt frå Kina til dei amerikanske sørstatane. Dei vart utnevnde som offisielle OL-musikarar for OL på Lillehammer, eit oppdrag som tok dei til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München saman med Dronning Sonja sin vinterutstilling, og overalt der dei kom tok dei publikum med storm.

Annbjørg Lien – hardingfele, nyckelharpe,
Arve Moen Bergset – kveding, fele og hardingfele,
Steinar Ofsdal – fløyter

VestaFolk – ‘folkemusikk på turné med Førdefestivalen’, er eit nytt turnéinitiativ for å få meir folkemusikk ut til folket. VestaFolk 2022 har økonomisk støtte frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Billettsal på nett, restbillettar i døra

Bilettsal

Sjå dette arrangementet på Facebook

Sjekk ut!