BOUNCE ALARM
sun14mar14:00BOUNCE ALARMJazzsekstett med popteft
Om arrangementet
CHRISTIAN CAUADRA altsaksofon STURLA HAUGE NILSEN trompet ELISABETH LID TRØEN tenorsaksofon INGRID ØYGARD STEINKOPF piano, fløyte MORTEN BERGER STAI kontrabass RINO SIVATHAS trommer Sundag 14. mars kl 14 (merk nytt tidspunkt!)
Om arrangementet
CHRISTIAN CAUADRA altsaksofon
STURLA HAUGE NILSEN trompet
ELISABETH LID TRØEN tenorsaksofon
INGRID ØYGARD STEINKOPF piano, fløyte
MORTEN BERGER STAI kontrabass
RINO SIVATHAS trommer
Sundag 14. mars kl 14 (merk nytt tidspunkt!) kan du få med deg ei jazzoppleving utanom det vanlege i Kabuso.
Frå jazzlinja i Trondheim og med debutplata om hjørnet kjem Bounce Alarm – eit ensemble med store mengder melodisk pop-teft kamuflert bak jazzinstrumenteringa. Filosofien er enkel – bandet vil syna at improvisert instrumentalmusikk kan vera både underhaldande og dansbart – ikkje minst i møte med born og ungdom.
Bounce Alarm har allereie spelt på London Jazzfestival og All About Jazz var begeistra: «Many jazz genres could be namechecked as the group changed between whiplash bop breaks, detailed and restrained cool jazz, cooking hard bop and rock energy.»
Ein lettare sprø sekstett som fenger og underheld publikum i alle aldrar.
Arr: Kabuso og Vestnorsk jazzsenter
Tid
(Sundag) 14:00(GMT+00:00)