– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Historie

Granvin bygdemuseum 100 år

I 1914 fekk Granvin herad ei gåve frå Th. S. Haukenæs og etterkommarar som inneheld gjenstandar til eit tiltenkt bygdemuseum. Granvin heradsstyre svarte med å sette ned ei nemnd som skulle samla inn gjenstandar frå heile heradet og førebu eit bygdemuseum.

I 1916 var det samla inn så mange gjenstandar at dei meinte det skulle vere mogleg å skipa eit museum. Det blei sett ned ei ny nemnd som skulle førebu skipinga. Til denne skipingsnemnda vald dei S.K. Selland, Ivar Nestås og Olav Spilde.

I 1918 vedtok Heradsstyret å overdra «Brynjulfstova» på Storegraven til eit museum. Brynjulfstova var ei testamentert gåve frå Brynjulf Larsson Kløve, til Granvin herad.

I 1920 rekna skipingsnemnda seg ferdig. Granvin bygdemuseum blei skipa med fylgjande styre; formann M. Furuberg, varaformann Jon Haukanes og kasserar Lars Ystås. Fram til dette var det samla inn 500 gjenstandar, og museet fekk føremålsparagraf:

«Granvin bygdemuseum hev til fyremål aa samla, gøyma og halda til framsyning ymse slag fornsaker og kulturminne, og berga dei frå undergang».

Opp igjennom åra blei det samla mange verdfulle gjenstandar på Storegraven, og museumsstyret ynskte etter kvart ei ny plassering som både var tryggare og betre eigna. Det blei jobba med saka gjennom heile 1980-talet. Fylkeskonservator, kulturstyret og Hardanger folkemuseum deltok i diskusjonane i tillegg til lokale politikarar og museumsstyret. Utgangspunktet for det nye museet skulle vere Holvenstova, og fylkeskonservatoren meinte at dei andre bygga som skulle inn i museet måtte omkranse Holvestova og forma eit naturleg tun-gruppering.

Granvin bygdamuseum på nye tomter

I 1990 blei eit 8,2 dekar stort område i Øyane statleg sikra friområde, og dette blei etter kvart peika på som ei høveleg plassering for museet. Granvin heradsstyre gjorde snart vedtak om dette, og i 1991 blei Holvenstova flytta ned ved hjelp av statlege sysselsettingsmidlar. Holvenstova opna for publikum i 1992 og blei det fyrste huset i det nye tunet.

Nye hus blei i dei neste åra flytta til museet;
  • 1993    Kom eldhuset/mosstova frå Simon Seim Sandlund
  • 1994    Heradet kjøpte Havåssamlinga med lovnad om å skaffe ein eldsikker plass til samlinga.
  • 1996    Fekk museet Løflotstova frå Håstabø frå Ellen-Marie Aarekol.  I desse åra var det igjen krise i arbeidsmarknaden og i løpet av 1996-1997 vart Løfloten riven, flytta og attreist. Huset sto ferdig utvendig i 1998. Med Løflotstova på plass fekk museet også ein eldfast kjellar der Havåssamlinga fekk sin plass. Den andre kjellaren er også eldfast, og der er bunadssamlinga plassert. Dette har vore Granvin Bygdekvinnelag/Granvin husflidslag sitt prosjekt.
  • 1997    kom bua som var ei gåve frå borna til Odd Ystanes. I tillegg til bua fylgde det med mykje inventar; bører, trog og stampar mm.
  • 2006    blei skulehuset sett opp. Skulehuset kjem frå Folkedal der det i 1954 vart rive og flytt til Kjerland. Der vart huset brukt som lagshus for Granvin Skyttarlag. I 2006 fekk Bygdemuseet hand om huset. På ny vart huset flytt men denne gong vart det ikkje rive, men flytt heilt.  Huset vart heist over på ei tralle og frakta ned i tunet der det vart heist over på sin nye grunnmur.
  • 2013    kom to grindverksbygg som blei plassert ved inngangen til Bygdatunet. Dette var Granvin fiskarlag sitt prosjekt som vart sluttført som eit dugnadsprosjekt. Lars Ingvald Folkedal har bygd grindene og levert materiala til husa. Største bidragsytar her har vore Hordaland fylkeskommune.
  • 2019    sto løa ferdig. Dette er Granvin køyre, ride og reielag sitt prosjekt. I denne løa er mykje utstyr og reiskap for hest etter Sjur Nesheim samla.

 

  • 2020    fekk kvernhus frå Jørdre plass i tunet – dette prosjektet er ikkje ferdig og mykje arbeid står att.

I tillegg til husa i tunet har bygdemuseet også eit naust på Grandane. Naustet er flytta frå Røynstrand til Grandane i samband med utbygging på (Moelven) Granvin bruk. Også dette området er sikra med Statlege midlar.

Granvin bygdemuseum er i dag del av det regionale museet Hardanger og Voss museum, og er eigd av Voss herad. I 2019 flytta Alexander Aga Røynstrand inn i tunet som eit prosjekt med buande vertskap for å sikra formidlinga i museet, men det er framleis Bygdatunets vener som har hovudansvaret for drifta. Dei har oppfylging av samlingane, vedlikehald og arrangement kvar torsdag på sommaren. Granvin bygdemuseum er avhengig av sine gode vener og takkar så mykje for innsatsen.
Granvin bygdemuseum var offisielt 100 år i 2020, men på grunn av korona-pandemien blei markeringa utsett til 2021.