– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstilling: Vera Gjersøe

sun27jun(jun 27)12:00sun08aug(aug 8)17:00Utstilling: Vera GjersøeHusdyrfoto

Om arrangementet

I heile sumar har Hardanger Folkemuseum gleda av å kunna stilla ut eit utval av arbeida til fotograf Vera Gjersøe. Utstillinga vert å sjå i Nilsastova på Skredhaugen.

Vera Gjersøe har vore aktiv gardbrukar på Voss i mange år, men sidan ho gav ut si fyrste barnebok i 1990 har fotografia hennar tatt opp meir og meir tid. Sidan den fyrste boka har ho gitt ut 13 bildebøker og barnebøker. Alle med eigne foto. Motiva finn ho sjølvsagt rundt seg på garden, men ho reiser og rundt i heile Norge for å fotografera husdyr i alle situasjonar.

Med fotoa og bøkene sine vil Gjersø gje dei yngre generasjonane eit innblikk i, og ikkje minst kunnskap om husdyra våre. Ein del av Gjersø sitt prosjekt er å minske avstanden mellom barn/unge og dyr/landbruk. Det er fyrst når vi som forbrukarar stiller krav at det vert mogeleg å forbetra dyrevelferden i matproduksjon.

Utstillinga er allereie hengd opp og skal i juni ha besøk av fleire skular og barnehagar i området.

Dette er i salgsutstilling så det vil væra mogeleg å kjøpa eller tinga bilder på utstillinga.

Offisiell opning vert den 27. juni klokka 16:00 og utstillinga er open kvar sundag frå klokka 12 til 17 fram til 8. august.

Tid

Juni 27 (Sundag) 12:00 - August 8 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)